![]() |
![]() |
![]() |
|
Notloftet ca. 1950
|
Notloftet 2005
|
Selskap på Notloftet
|
“Nothenjo” på Vindenes blei bygd i 1946 og var eit trestolpeverk der ein kunne tørke 9 snurpenøter i gongen. Som eit tak over desse henjene blei det reist eit notloft på om lag 700 kvm i ein etasje.
Notloftet blei nytta tillagring av nøter utanom fiske-sesongane og til reparasjon og vedlikehald av fiskereiskaper. Her arbeidde om lag 20 mann året rundt. I vestre enden av Notloftet var det innreidd opphaldsrom med 10 køyar. Der var kjøken med fast kokke og langbord der 15-20 mann kunne innta sine måltid. Ja, her budde arbeidskarane så og sei på jobben. Nothenjo var saman med andre faciliteter på staden fast landbase eller heimestasjon for fiskebåtreiarlaget til Hans O. Vindenes fram til 1973 då verksemda vart avvikla.
![]() |
|
Hans. O. Vindenes og båtane hans.
|
I 1980 vart nothenja overteken av nye eigarar, Sotra Contracting AS, som nytta anlegget til lagring av overskotsmateriell frå Nordsjøen, lagring av kjetting og maling og samstundes gav loftet plass til kontor, kantine og garderobar.
I 1995 vart nothenjo ombygd til innomhus lagerhall med moderne lager for m.a. eit av Europas største kjettinglager for Sotra Marine Produkter AS.
Eine halvdelen av Notloftet er halden i opprinneleg stil og tener i dag som samlingsstad og fest-lokale.
Ein permanent fotomontasje viser liv og lagnad på Vindenes dei siste 100 åra der næringsvegen har vore jordbruk og fiske. Først som heimefiske og etter kvart utvida til kystfiske og havfiske. Ein del gjenstander som vadbein, snører, kaggar og tauverk er teken vare på og vil danna grunnlaget for eit ”museum”.
Interessen for eiga soge og vern av kulturminner er prioritert. Arkeologane har funne sikre spor etter minst 10.000 år gamle buplassar på Høybødn lengst nord på Vindenes.
![]() |
|
Steinalderbustad på Høybødn.
|
Ved festelege tilstellingar på Notloftet vert det gjerne servert sjømat med havets delikatesser med noko attåt på store runde bord.
Etter ei hyggeleg bordseta, står ein svingom pånotloftstilje for tur. Musikken er gjerne innleigd, men karaokeanlegget er populært og i flittig bruk.
Ei stor, gamal og velbrukt fiskekiste tener som bardisk for tørre strupar.
Notloftet er i dag eigd av Sotra Gruppen AS.